søndag 26. mai 2013

Den store melodiprisen

Laurdag 18.mai, etter vår nasjonalromantiske feiring 17.mai, var det klart for den store melodiprisen der europeiske land (+Israel og Russland), konkurrear om beste song. Sidan det originalet norske namnet til konkurransen ikkje passar heilt inn i Nynoreg (Melodi grand prix, eller mgp), gir vi han nytt namn som kling betre på nynorsk, nemleg Den store melodiprisen  (som blir forkorta smp, og som ikkje må forvekslast med Sunnmørsposten).

I dette høvet, vart det sjølvsagt invitert til smp-fest! Her vart jentene oppfordra til å kle seg opp i smp-stil: overdådig og smaklaust. Med slike antrekk blir ein nemleg klar for disharmoni som blir skapt i form av lyd og bilete (også kalla samansett tekst) på TV-skjermen slike kveldar.  Denne samansette teksten vart så, ved hjelp av penn og papir, analysert og vurdert av dei festkledde damene.




Under ser de resultatet:

Song 1: Frankrike
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest (Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: OK+. Stygg svart frynsekjole, kleine handrørsler, krølla hår
Dame 2: Artisten liknar på Barbra Striesand, ho har på seg frynsekjole og har rufsete hår, med dette er keisam koreografi
Dame 3: Søt dame, fin song. Ho har Carriehår. Kvifor tek ho på lår og mikrofonstativet på den måten?

Poeng: 10

Song 2: Litauen
Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)


Dame 1: Dårleg song, han har på seg skinnjakke og gjer for mange handrørsler, han er litt kjekk
Dame 2: Tenkte ikkje mykje over songen, den var keisam, litt søt mann, men han har på skinnjakke og armeband. Ser litt naken mage! Han har mørkt hår. han viftar velidg med hendene.
Dame 3: Songen er blæh, men mannen er søt. Svart skinnjakke kan funke, i alle fall når ein ser mage! Det er heilt på trynet med all denne handviftinga!  Er det gud han vil ha kontakt med?

Poeng: 7

Song 3: Moldova
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Dårleg hyling. Ho har på seg kakekjole som er rosa og lysande (win). Der er singelttdansarar!! Dama veks på scena! Dokke med hockeysveis?
Dame 2: Mykje skriking. PunkeBarbie med oransje hår! Ho har på seg Barbiekjole som lyser!!! Der er boyband-dans i bakgrunnen.
Dame 3: Barbie med punukesveis i rosa kjole og med oransje hår. Grusomt språk. Dansarane har kvit singlett (oh god!) og dansar boyband-dans. Kjolen lyser og veks! Er ho ei heks? Kvifor brenn kjolen? Ho skrik som ein gris!

Poeng: 8

Song 4: Finland
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Marry me, ding dong?! Fæl kjole og rosa platåsko! Plastikkforklekordame? Ei harry playboybrud!
Dame 2: 90-talsaktig. Ei harry brude-Barbie som manglar litt, men rosa er representert. Ho er blong og kyssar ei dame. Ekle menn!
Dame 3: Harry Barbie med grusomme sko, veldig 90-talsmusikk. Ekle mannfolk i tights (seriously?). Er ho ein playboymodell? Queen B? No way! -->Det er det berre Blair Waldorf som kan kalle seg!

Poeng: 14

Song 5: Spania
Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Sekkepype med hyl = dårlig. Gul kjole og eit rart band i bakgrunnen.
Dame 2: Sekkepipe og song? Dame med mørkt, normalt hår og gul kjole som går på scena.
Dame 3: Sekkepipe? Herre! Fin påskeliljekjole, men keisam song. Wannabe irsk folkemusikk?

Poeng: 5

Song 6: Belgia
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Dårlig start med dubstep. han har på seg ein keisam dress og dansar rart med to damer
Dame 2: Heilt ordinær. Ein mann med mørtk hår som ser keisam og ordentleg ut. Raraste dansen ever!
Dame 3: Namnet er genialt: Roberto Bellarosa! Men han er æsj og liknar på han eine i Days of our Lives. kor kom damene frå?! Heilt sinnsjuk dans! Han er svært overlegen og ser liksom ikkje desse rare dansande damene? As if! Lysshow med dubstep? Plain song og mann.

Poeng: 4

Song 7:  Estland
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: rolig song og eg skjøner ingenting. Formalus kvit kjole. alt starta svart/kvitt, men vart plutseleg fargar. Ei normal, gravid dame.
Dame 2: Keisam dame med mørkt hår og strandbrudekjole, men ho er allereie gravid.
Dame 3: Er ho berre wannabe-gravid? Kvifor har ho på seg ein brudekjole utan fasong? dødskeisam! Svart kvit og fargar? Eg er forvirra.

Poeng: 2

Song 8: Kviterussland
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Fæl! Altfor kort latinodansarkjole! Armdans med to kvitkledde menn med attitude. Barbie!
Dame 2: Hakk i plata, slitsomt! Barbie med frynsetopp. Barbiekrøllar og tyrkarmenn som dansar.
Dame 3: Å nei! Altfor kort kjole eller topp , elendig dans! Wannabe Barbie 2?! Armdans med tyrkiske menn. Plutseleg brenn det! Gud, så slitsomt!

Poeng: 0

Song 9: Malta
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: oooh, søt song med ukulele! Rosa kordame. Han har vest og ser glad ut medan han helsar på publikum. Ein normal, glad mann.
Dame 2: Litt gøyal! Velidg glad mann med vest, bruk bukse og mørkt hår. Er sosial og går litt rundt.
Dame 3: Så søt! Kva skjer med augenbryna hans? Er det åmer? Søt song. Rosa dame i bakgrunnen. Han syng "OH!" Fy, for ein uttale! Bra der er teksting! Han har veldig store øyre. Han elskar publikum, men syng falskt mot slutten.

Poeng: 28

Song 10: Russland
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Keisam ballade "Miss'e"-tekst, fin kjole med blondeermer. Fire heilt stilleståande korfolk. Søt dame
Dame 2: Keisamt! Lite russisk dame. Lys ferskenkjole. Har mørkt hår og brukar mykje hender. Der er korfolk.
Dame 3: Catherine Zeta jones-lookalike. Keisam ballade, men fin kjole. Keisam koreografi og koring. Ho er veldig sjølvopptatt. Litt kult at dei kastar lysande ballar til publikum! Ho tek hendene ut til sida til slutt!

Poeng: 3

Song 11: Tyskland

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Cascada?! Plagiat av Euphoria eller ein russelåt? Ho har på seg ein gullkjole med hale. Ho prøva altfor hardt og fokuset er berre på henne. 40 look like 20?
Dame 2: Russesong! Barbie med gullkjole og hale. Ho er normal? 

Dame 3: Cascada! Flashback til 90-talet! Ho prøver litt for hardt. Gullkjole med hale, er ho ein gullfisk? Ho går som ein mann. Leppestiften har ein grusom farge, men ganske catchy song.

Poeng: 13

Song 12: Armenia

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Dårleg, dårleg tekst - skjerpings! Skjerf og dongeri? Vindmaskin og pyroeffektar blir litt i overkant mykje. Teit band. artisten har mykje hår, store augenbryn og bart = ekkel!
Dame 2: Slitsom song. Who's the man? Jesus lever! Dongeriantrekk - hippie. Masse hår!
Dame 3: Jesus? Trur dei at dei er Nickelback? Stygt skjerf. Vindmaskin? Uff. Ein ekkel mann som trur han er fin, men som eigentleg har for mykje hår og ser uvaska ut. Han hoppar som ein kanin! 


Poeng: 0

Song 13: Nederland

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Keisam vuggesong. Høyrest ut som Sundfør utan hylinga. Bukse og belte. Kraftig kordame og ingenting anna. Keisamt!
Dame 2: Keisam vuggesong. Ei dame som ikkje har pynta seg. Keisam. Litt tynge i framføringa (referanse til store kordamer).
Dame 3: Nei! ho syng på engelsk. Kvifor? Nederlandsk er jo det kulaste språket som finst nest etter nynorsk, of course! Ho har ikkje ein gong pynta seg! Eit par druser til kordamer. Eg sovnar snart av denne vuggevisa. Blæh.

Poeng: 4

Song 14: Romania

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Opera av ein som kallar seg Cæsar og med dubstep?! Lys stemme!! Sjukt. Dracula med krage og kors rundt halsen. Ekle, nakne, raude dansarar.Artisten veks på scena! Ein sleip, feil og ekkel Dracula.
Dame 2: EG HAR IKKJE ORD!!!
Dame 3: Der Erlkönig i levande live! Opera? Blodlegeme som dansar? Plutseleg lys stemme og der blir han verande! Blod? Kors og dubstep = siger! Plutseleg veks artisten. Litt imponerande song eigentleg. Er det Oscarine (referanse til Oscarstatuetten men i kvinneleg form) som dansar?

Poeng: 36 (Vi har ein vinnar!)

Song 15: Storbritannia

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Bonnie Tyler! Believe in me? Nei, trur ikkje det. Skuffande. Svart kjole med skuldersmykke. Hengande tøystykke på hofta? Operert ansikt - Dolly Parton? Scena veks!
Dame 2: Rufus Humphrey-klingande song. Bonnie tyler i bukse og kjole-genser? Operert!
Dame 3: Bonnie Tyler faktisk. Alt er svart og det heng tøy frå hofta hennar. Kvifor? Operert.

Poeng: 13

Song 16: Sverige

 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: You! Skrik, men litt fenagnde refreng. Vest og kvite klede - veldig boyband. Ei skikkeleg klyse med sminke. Ser ut som ein gulrot. Ein skalla mann og ein mann med dott som dansar. Ikkje bra trommedans.
Dame 2: Fengande refreng! Slesk, kvitkledd svenske. Trur han har fått støt.

Dame 3: Ei skikkeleg klyse med for mykje sminke. Open kvit vest? Indianarul, men eit fengande refreng. Altfor mykje skriking og rare dansarar, men fine ballettrørsler.

Poeng: 11

Song 17: Ungarn

 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Han syng lavt på eit merkeleg språk. Litt søtt og litt svensk. Han har på seg hue, hipsterbriller og ei skinnjakke. Minner meg om barne-tv. Ein gitarspelar og litt tramping. Altfor styla hår og hol i øyra.
Dame 2: Hipsterfyr
Dame 3: Hue på innandørs? Han kviskrar og trampar. Hipsterfyr med eit genialt språk! Han har hol i øyret. Melodien høyrest eigentleg svensk ut. 

Poeng: 12

Song 18: Danmark

 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Skuffande, men bra fløyte! Barbeint alvestil. Har armeband på overarm. Sit i byrjinga. Ein trommemann som er tinnsoldat. Alv.
Dame 2: Jada! Hippiealvhulder med alvekjole. Håret minnar om ei hulder. Ho har md seg levande tinnsoldatar. 
Dame 3: Hippiealv som går rundt barbeint. Tinnsoldatar som trommisar. Keisamt.

Poeng: 11

Song 19: Island
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Islandsk er eit bra språk. Litt keisamt. Han har mange ringar. Søte hus som kulisser. Mann med langt hår og bart som liknar på ein gnagar.
Dame 2: Keisamt! Mann med langt hår og dress. Søte kulissar.
Dame 3: Langt hår og ringar? Seriøst? Islandsk har ein nynorskklang og det er alltid positivt!  Søte kulissar, men keisamt!

Poeng: 3

Song 20: Azerbaijan
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: "bra" engelsk. Gråkledd. Mann i boks! Sjuk dans i boksen. Speglbilete. Plutseleg ei dame i raud kjole. Litt søt før han sender oss rare, ekle blikk. 
Dame 2: Litt søt mann som er gråkledd. Mann i boks?
Dame 3: Ein mann sit på huk medan ein annan mann er i boks. Mannen i boksen er plutseleg opp ned! Litt stilig spegeldans. Kor kom dama i raud kjole frå? Keisam song. 

Poeng: 10

Song 21: Hellas
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1 : Minus for tittel. ikkje bra, mykje rar lyd, hyl. Tek heilt av! Stygge menn i skjørt. Ein spelar gitar på trompet. Generell ukontrollert koreografi. Ekle blikk. 
Dame 2: Masete. Mange mindre pene menn. Skjørt? 
Dame 3: Mannfolk i skjørt er aldri bra! Tek heilt av heile gjengen! Litt fengande, men fullstendig ukontrollert koreografi (ikkje anna vente det går dårleg økonomisk når dei ikkje ein gang klarer kontrollere dansen sin). Litt kult at gitarane lyser!

Poeng: 3


Song 22: Ukraina
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Tok lnag tid før eg skjønte det var engelsk. Stygg. Havfruekjole og sommarfuglring. Ein kjempe ber på ei pen dame. 
Dame 2: Kven bryr seg? Peeeen dame. Havfruekjole. Mannen! (=kjempen)
Dame 3: Kjempen kjem gåande med dame i fin kjole! Grusom song og forferdeleg uttale. Sommarfuglring er eit pluss. 


Poeng: 2

Song 23: Italia

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Fin stemme som syng ein roleg sovesong. Fin blå dress, kanskje litt for blå? Massive bryn med hakk og ei blodåre i panna. Han sveittar slik!
Dame 2: Sovesong
Dame 3: Oransje er alltid eit minus! Keisamt. zzzzzzzz.... Han sveittar og har på seg stygg dress. Keisam scenografi. Alle kan jo gå! (korreksjon i ettertid: ikkje alle kan gå) Eg er ikkje imponert! Stygg sveis!

Poeng: 0

Song 24: Noreg
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Her har vi ikkje lov til å gi poeng eller kommentere. Men den kjolen burde ho verkeleg ikkje ha.

Song 25: Georgia

Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Ballade som er keisam og stygg. Glitterkjole med tøystykke. Keisam gjeng i røyk. Intens dame. Røyksprut, ildregn. Fint oppsett hår.
Dame 2: Mas. Mann og dame. Pynta. Ho lener seg til han.
Dame 3: Glitterkjole! Mann og dame står langt frå kvarandre og syng. Ikkje anna vente dama held avstand, han mannen er ekkel, men det er vel også ho eigentleg. Intens dame. Unødvendig karbondioksidutselpp. Ho lener seg til låret hans (rart).



Poeng: 1


Song 26: Irland
 Grand Final of the 2013 Eurovision Song Contest(Bilete henta frå Eurovision.tv)

Dame 1: Ikkje bra, null bodskap. Skinndress. Tatoverte, olja menn. Ekle trommer. Ein gal trommemann med horn! Ekle hol i begge øyre.
Dame 2: Huff. Slesk fyr i skinn. Sukk. Lol.
Dame 3: Ekle tatoverte trommisarr. Skinnklede, verkeleg? Drittsekk som syng. Han har små auge (sikkert dum). Koreografien er lol. Kvifor desse skrika? Tom Jones. 

Poeng: -2


lørdag 25. mai 2013

Vi tek til

Etter å ha gjennomlevd mykje galskap med forskjellige gode nynorskfolk, er det på tide å starte ein nynorskblogg for all denne galskapen og alle folka frå Nynoreg. Vi unngår den vanlege "HEEEEI BLOGGEN!"-stilen, og vel heller rein, nynoregsk stil. Enjoy, eller som dei sei i nynorskbygda Brattvåg: "N'joy!"