onsdag 13. november 2013
lektortrælen
Ja, kva gjer eigentleg nynorskingar til vanleg? Somme av oss har vore desperate nok til å utdanne oss til lektorar. Ei lang akademisk reise med spanande innhald som har gitt oss kveik i sjela og høge ideal. Dessverre er overgangen frå livet som fritt studerande menneske til træl i den norske vidaregåande skulen meir skakande enn det er råd å setje ord på. Visst er det på papiret flust med fritid, men skal ein henge med, må ein arbeide både helgar, kveldar og mesteparten av dei såkalla feriane. Undervisningsopplegga skal vere pedagogiske, lærerike, varierte og absolutt ikkje keisame. Ein må ein ha powerpointar, helst med videoklipp og musikk, i tillegg til personleg tilpassa arbeidsoppgåver til over hundre elevar. Dessutan skal lærdommen leikast inn. Elevane må sjølvsagt få bestemme korleis undervisninga skal vere. At dei manglar fagkunnskap, og slett ikkje har føresetnad til å vurdere naudsynt progresjon for å kome gjennom pensum, er komplett uvesentleg. Dei har krav på individuell opplæring, undervegsrettleiing, skriftleg tilbakemelding på alt innlevert arbeid, fagsamtalar, og skriftleg midtvegsvurdeinging i kvar termin av både skriftleg og munnleg dugleik. Dette skal publiserast på Skulearena for at føresette og elevane sjølve skal kunne setje seg inn i ståda. Ufatteleg mange arbeidstimar for lektortrælen. Sjokket er derfor stort når dagen for kontaktmøte kjem, og den eine føresette etter den andre med sine håpefulle dukkar opp utan å ha kasta eit blikk på dei publiserte skriveria.. Dei vil ha vurderingane opplesne for seg!! Til slutt skal elevane setje karakter på undervisninga. Nei, dei har aldri fått vite kva som skal til for å gjere det bra i faget. Ned med lektoren! Oppklaringssamtale med klassa: Fagsamtalar? Tilbakemelding på skriftleg arbeid? Vurderingar av munnlege framføringar? Det som er publisert på Skulearena? Dei visste ikkje at dette var fagrettleiing. Det er truleg lektoren som har skulda for det. Klart elevane må få bestemme. Sjølvsagt veit dei best.
Hipp hurra! Denne lektortrælen skal snart setjast fri!!! Kjem aldri til å lengt attende til slaveriet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)